Om Brokke

- ein heilårsdestinasjon med fokus på aktivitetar for familien

Brokke er ein heilårsdestinasjon med uendelege turmoglegheiter!

Det er over 5 mil med oppkjørte langrennsløyper som strekker seg frå hyttefeltene og inn i høyfjellet! Enten du vil ha ein liten tur med familien eller ein treningstur finn du noko for deg!

Brokke Alpin med sine 6 nedfarter og 4 heiser, ein stolheis to trekk og eit barneband, er eit populært mål for både vasken og born. I tillegg jobbar me stadig med å utvikle parken, og den er i dag eit ynda mål for ungdommen!

I området rundt Brokke er det fire flotte toppturer som er merka, i tillegg til fleire turar som er merket av DnT. Brokke er utgangspunktet for fleire at turene til turisthyttane.
Me har i 2022 fått både ei ny rulleskiløype på 2km og ein stor flott pumptrack.

Er du glad i molter? Då er Brokke eit eldorado, men med godt bevarte hemligheiter om kor dei beste områda er..

Det aller beste med Brokke er at om sommeren kan du gå litt nedover elva og finne kulpene. Her er ein kulp for einkvar smak. Vil du dyppe deg i eit lite badekar, skli ned ein av dei berømte skliane som naturen har laga eller vil du teste hoppet?

Har du ein hyttedraum? Då kan den bli til virkelighet i Brokke! Her er fleire hyttefelt å velge, og det beste av alt er at Brokke har mange byggmestere som kan hjelpe deg å oppnå akkurat din Hyttedraum!