26.05.18 kl. 10.00

Suleskar maraton

Opplev Sørlandets mest spektakulære maraton!
Laurdag 26. mai går Suleskar Maraton frå Setesdal til Sirdal!
Vegen over heia opnast noken dagar i førevegen og det kan forventast høge brøytekantar!
Du kan delta i både maraton, halvmaraton og stafett!

Suleskar Maraton, halvmaraton og stafett fylgjer fjellvegen frå Nomeland i Hylestad til Suleskar i Sirdal.
Muleg å starte med tidtaking kl. 10.00 eller kl. 11.00 for dei som brukar over 6 timar.
Fyrstepremie på 3 000 kr til dame- og herre maratonvinnar.
Alle som deltek på både Sesilåmi og Suleskar Maraton vert premiert med “Sesijerven”!

Maraton startar kl. 12.00 frå Nomeland i Hylestad. Løpet karakteriserast som Norges tøffaste maraton p.g.a. stigninga. Dei fyrste 20 km er stort sett stigning. Det er ni matstasjonar, ca hver fjerde kilometer. Det blir også servert bananar.

Halvmaraton startar kl. 14.00 midt oppe på fjellet, ca 1050 moh. Ved å velgje halvmaraton går ein glipp av dei verste kilometrane i oppoverbakke. Ein får likevel med seg den storslagne naturen og friske fjellufta.

Stafett er maratontrasèen delt inn i 10 etappar, ca. 4 km kvar etappe. Om ein ikkje klarer å samle saman 10 løparar, er det ope for at enkelte spring meir enn ein etappe. Start saman med maratondeltakarane frå Nomeland kl. 12.00.
Det er 3 klasser: Dame //Herre // Miks.
Suleskar stafetten er ein strålende anledning til å trene saman med vennegjengen eller gode kollegaer.
Start treninga allereie no og meld på eit lag!

Minimaraton med rundløype i målområdet for barn. Påmelding før start kl. 16.00. Premie til alle.

For meir info om løpet, transport, deltakaravgift og påmelding klikk deg inn på Suleskarmaraton si side her.

Arrangør: Tonstad IL og Sirdal skilag