21.12.19 kl. 18.00 - 19.30

“Snøen laver ned” med Kim Rysstad

21.desember set vi julestemninga for alvor, når Kim Rysstad, akkompagnert av Jakob Lund Paulsen og Knut Ingolf Brenna på piano og gitar, med vakre tonar ønskjer velkomen til julekonserten "Snøen laver ned". Det er gratis inngang til konserten, dekka av Valle kommune og Valle Sparebank. Meir informasjon om plassbestilling vil kome etterkvart.

Gjennom hausten og vinteren har Kim sjarmert NRK-sjåarar i programserien Stjernekamp, og vi er svært glade for at han vil opptre for oss her i heimkommunen Valle.

Du kan fylgje arrangementet på Facebook!

I 2017 gav den prisbelønte vokalisten og folkesangeren ut en kritikerrost juleplate i samarbeid med London Philharmonic Orchestra.

Kim Rysstad er prisvinnande vokalist og A-klassekvedar frå Rysstad i Valle kommune i Setesdal. Han har gjeve ut følgjande album: «Tak hardt uti hand», «Vegen» (nominert til Spellemann), “Timeglas” og det kritikerroste jolealbumet «Snøen Laver Ned», med London Philharmonic Orchestra. Sistnemnde vart av NRK skildra som “En av tiårets fineste julealbum”. Etter fleire år med undervising innan klassisk song valde Kim i 2003 å studere folkemusikk. Han har vore elev av Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Agnes Buen Garnås, men har også lært mykje av felespelar Ånon Egeland. Han har studert ved Folkekunststudiet i Rauland og ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Han jobbar også mykje på tvers av sjangrar, og hentar inspirasjon frå country, bluegrass og popmusikk.

Kim Rysstad deltok i Melodi Grand Prix i 2012, der han sang «Så Vidunderlig» med tekst og melodi av Elin Nygård. Duetten som Rysstad gjorde med Anne Grete Preus gjorde sitt til at andre norske artistar la merke til den særmerkete røysta frå Setesdal. Kim har vore gjesteartist på mange ulike utgjevingar, mellom andre på «Berre meg» med Ingebjørg Bratland, «Unclouded» med Silje Nergaard, «Friaren» med Aasmund Nordstoga og «Sandkorn» med Sigrid Moldestad.

Kim har også vunne mange prisar, som Årets soloalbum for utgivelsen «Tak hardt uti hand» på Folkelarm, kåra til Årets unge folkemusiker i INTRO-folk av Rikskonsertene og FolkOrg, nominert til Spellemannpris for albumet «Vegen», og Årets beste mannlege folkemusikksangar på Folk Off! Awards i Liverpool. Rysstad vart i 2018 utnemd til Setesdalsambassadør av Setesdal Regionråd