Kun to timar fra sørlandskysten

14.12.18 kl. 19.00 - 20.30

Snøen laver ned- Ein julekonsert med Kim Rysstad

Velkomen til "Snøen laver ned" - Ein jolekonsert med Kim Ryssstad i Hysletad Kyrkje.

«Snøen laver ned» er ein turné basert på utgjevinga som kom i desember i fjor i digitalt format, som i år kjem ut på CD i spesialutgåve med heile tre bonusspor!

Fjorårets innspilling var ein storproduksjon saman med sjøøvaste London Philharmonic Orchestra. Albumet vart av NRK beskrive som «En av tiårets fineste julealbum» og fekk svært gode kritikkar.

Konsertversjonen av plata har Rysstad med seg Knut Ingolf Brenna på gitarar og Jakob Lund Paulsen på tangentar.
Knut Ingolf er for mange kjend frå gruppa SalmeKlang, og er ein særs aktiv og mykje nytta gitarist i alle sjangrar. Jakob har jobba med mange norske artistar, spelar fast i bandet til Lewi Bergrud.

NB: Hylestad Kyrkje har ikkje så altfor mange plassar, så her må du vere tidleg ute om du vil høyre og sjå best mogleg.

Det vert sjølvsagt mogleg å få kjøpt “Snøen laver ned” cden etter konserten!

Varmt velkomen skal du vere!

Billettpris 250,-

Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad