Kun to timar fra sørlandskysten

21.07.18 kl. 12.00

Setr Festivalen 2018

Setr Festivalen er ein rykande fersk festival som blir å finne på Bygland i sommar!! Musikk- og kulturfestival som er barnevenleg på dagtid og aldersgrense på kveldstid.

Arrangørane av Setr Festivalen er ein del av eit prosjekt under Setesdal Gründer og samfunnsutvikling, regi av Setesdal Regionråd og Aust Agder fylkeskommune. 6 ungdomar med store visjoner og ambisjonar for ein festival for dei unge i Setesdal, har no klart å spikra saman ein festival av dei sjeldne! Ikkje bare skal det vere for ungdom, men på dagtid vil det vere flotte aktivitetar for barnefamiliar, mot kvelden setjast det aldersgrense, og då er unge og vaksne velkomne til fest!

Setr slipp artistar fortløpande, og har allereie presentert artistar frå både Sverige og Norge. Svenske Hogland, norske artister som Monteur og hiphop- ikonet Pasha kjem til idylliske Bygland. Setr Festivalen skal bli eit viktig preg for dalen, for å hente heim dei lokale unge, men også unge som typisk ikkje reiser gjennom dalen på sommertid.

Følg arrangementet på facebook.