16.12.17 kl. 10.00 - 16.00

Barnebakken og kafeen opnar i helga!

Barnebakken, kafeen og skishopen opnar laurdag 16.desember. Det blir prioritert å produsere snø slik at parken og vestbakken kan opne fredag 22.desember.

Det blir skibyttedag på laurdag og pepperkakepynting på sundag, i tillegg til salg av sesongkort.

Brokke Alpinsenter velger i år å prioritere å åpne parken frå første dag og det blir derfor ikkje åpna nokre andre nedfarter i helga enn barnebakken.

Til gjengjeld opnar parken, hovedbakken og vestbakken fredag 22.desember!

 

Me gleder oss til det som ser ut til å bli ein fin sesong med mykje snø og ikkje minst har vi mykje på programmet!