Kun to timar fra sørlandskysten

06.10.18 kl. 21.00 - 02.00

Sauedans på Valle Motell

Då var det klart for den årvisse festen på Valle Motell, Sauedansen. Arthur Stulien med band spelar opp til dans.

Det er nok mange som undrar seg over kva me gjer på ein sauedans. Kan sauer danse, blir me bygdefolk ofte spurde om!

Sauesjå har sitt utspring i ein gamal tradisjon der bøndene kom heim med sauene sine etter å ha vore på sommarbeite i heiane, og den beste sauen vart kåra. Tradisjonen tro vart det også fest når gjeterne hadde fått alle sauane sine heim på hausten.
Derfor har Sauesjåmarknaden blitt ein årleg folkefest i Valle, med alt som høyrer til for å samle folk og ha ein triveleg helg.
Då høyrer det sjølvsagt med “Sauedans”, festen på Valle Motell som har vore i Valle i ei årrekke!

I år med musikk og underhaldning frå Arthur Stulien med band!

Arthur Stulien hadde sin debut I Idol 2016, og har etter den tid samla eit band med flinke musikarar. I 2017 gav bandet ut deira fyrste singel, “Anywhere Else” i januar, og “My Kinda Home” i februar. I 2018 vankar det debutalbum, og i begynnelsen av august slepte dei ei av songane “With You”. Her er duka for mykje god musikk og enda betre stemning!