Kun to timar fra sørlandskysten

28.09.18 kl. 21.00 - 00.00

Plateslepp, konsert og folkemusikkpub

Setesdal Spelemannslag inviterer til plateslepp, konsert og folkemusikk pub med desse flotte damene på Sølvgarden Hotell fredagskveld!

Johanne Flottorp frå Åmli gjev i haust ut si første soloplate med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre.
I 2017 blei Johanne uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule, der ho har konsentrert seg om spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark dei siste åra. April 2018 var ho i Ormøy kirke saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine som er å finne på hennar fyrste soloalbum.
Utanom å vere soloutøvar og A-klassing på hardingfele, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Der spelar ho i banda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers, som begge er aktuelle med nye utgjevingar høvesvis i 2018 og 2019. Johanne spelar også i trioen Raabygg, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder.

Stina Brandin kjem frå ein spelemannsfamilie i det som ho sjølv kallar folkemusikkens epicentrum- Boda Kyrkby i Dalarna. Ho har alltid sett seg sjølv som solospelemann, og med Bodapolska som sin fyrste og største kjærleik.
Du kan høyre envisheiten og hennar sterke vilje i musikken- det er slik det er.
Nå kjem debutalbumet ”tacka Fan för det”, eit album med berre Bodapolska, og berre Stina.
”Jag vill spela in den skivan som jag själv mest av allt har lust att lyssna på. En hel skiva med bara Bodapolska. På solofiol.”
Utdanna på Malungs folkhögskola, Kungliga musikhögskolan i Stockholm og på Ole Bull Akademiet på Voss. Hev spillt seg frå nord til sør gjennom Sverige med feletrioen Norr om Stockholm.
No spiller Stina opp til ein Bodapolska aleine, og du blir bydd opp til dans.