Kun to timar fra sørlandskysten
04 Juli
kl. 21.00 - 22.00

KULTURAFTEN MED KIRSTEN BRÅTEN BERG OG DANIEL SANDÈN WARG

- med Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén Warg

Laurdag er det gratis konsert med Kirsten og Daniel fra kle 21.00 til 22.oo på Sølvgarden Hotell og Feriesenter

I restauranten har Sølvgarden frå kl.18 bl.a. lokal 3-retters middag med speka fjellaure, elgsteik og tildekka stakkejente til kun kr 395,- Det er lurt å reservere bord. Og me minner om å halde god håndhygiene og 1 meter avstand..!

Historia om Daniel Sandén Warg er forteljinga om ein ung, talentfull gitarist frå Karlstad i Sverige som vart fengsla og hekta på felespelet til Torleiv H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum, reiste til Rysstad – og vart buande. Etter den tid har han lært seg meir enn felespel; han er utdanna sylvsmed slik alle folkemusikarane i Setesdal er og han talar perfekt setesdølsdialekt. Daniel har gjeve ut fleire plater med tradisjonell musikk, slik som Warg/Buen og Rammeslag I og II, men er nok mest kjend som felespelaren i bandet til Odd Nordstoga, som folkrockar i det fantastiske gamaldansrockbandet Harv og for komponering og tilretteleggjing av musikken til folkemusikkoperaen Tryllefløyta og forestillinga Kong Nor. I det seiste har han fokusert på ein ny duo, Revolver, der han og Anders Erik Røine tek med tradisjonelle instrument langt ut frå tradisjonelle bruksområde.

Kirsten Marie Bråten Berg, folkemusikar, visesongar og sølvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeidet med musikarar frå andre musikktradisjonar.
Berg er fødd i Arendal 7. januar 1950 og er utdanna sølvsmed. Ho byrja i dei tidlege tenåra å tileigne seg folkemusikktradisjonen frå Setesdal, og i 1970-åra vart ho sentral i kvedarmiljøet rundt Club 7 i Oslo. Saman med folkemusikarane Hallvard T. Bjørgum, Tellef Kvifte, Gunnar Stubseid og Hildur Øygarden danna ho gruppa Slinkombas, som gav ut to plater (1979 og 1982). Ho har gitt ut soloalbuma Kirsten Bråten Berg (1980), Min Kvedarlund (1988) og Syng du mi røyst (2001). Både den første Slinkombas-plata og Min Kvedarlund vart heidra med Spellemannprisen.
Berg har hatt omfattande turnear, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Ho har hatt fleire kulturpolitiske verv og har fått ei rekkje stipend, prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. I 2005 vart ho slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar.