27.06.18 kl. 19.30

Konsert i Valle Kyrkje

"Den Nye Oslo Trio" held konsert i Valle Kyrkje onsdag 27. juni.

Den Nye Oslo Trio

Trioen består av Daniel Lazar (fiolin), Anton Dymkov (cello) og Elena Shalneva (klaver). Alle tre utøvarane har utdanning frå prestisjetunge lærestader i Noreg og andre land. «Den Nye Oslo Trio» blei danna i 2014. Sjølv om trioen er relativt ung, har dei tre entusiastiske utøvarane allereie rokke å begeistre eit veksande publikum. Musikarane prøver heile tida å finne mindre kjent musikk som dei vil introdusere for publikumet sitt – eller musikk som er gløymt. Medlemane av trioen har som mål å gjere klassisk norsk musikk tilgjengeleg for så mange som mogleg. På denne konserten får vi m.a. høyre Per Winges Trio i F-dur (op. 3), Øistein Sommerfeldt sin «Little Suite for Pianotrio» (op. 40) og Mikhail Glinkas «Trio Pathetique» (1827).