Kun to timar fra sørlandskysten

25.07.18 kl. 19.30

Konsert i Valle Kyrkje

Onsdag 28 juli kjem Marcus André Berg til Valle Kyrkje for å halde orgelkonsert!
På konserten i Valle speler han mellom anna Percy Whitlocks «Plymouth Suite» og Ch. H. Rincks «Introduction, Thema, Variationen & Finale».

Marcus André Berg jobbar som domkantor i Oslo Domkyrkje. Han avslutta utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule i 2013. I masterprosjektet sitt tok han for seg den franskromantiske orgelsymfonien med musikk av Franck, Widor, Vierne og Dupré. Berg er også komponist og har studert komposisjon med Trond Kverno og Olav Anton Thommessen.

Våren 2014 vann han 1. pris i komponistkonkurransen «International Edvard Grieg Competition for Composers». Frå hausten 2013 har Berg undervist i orgel på Talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskule.
Berg held jamleg solokonsertar og blir ofte brukt som akkompagnatør. I 2016 gav han ut albumet «At midnight hour» saman med Amelie Aldner, ei utgjeving med mellom anna klassiske operaperler akkompagnert på orgel.