11.07.18 kl. 19.30

Konsert i Hylestad Kyrkje

Den danske songarinna Tina Lynderup, akkompagnert av Lene Jensen på klaver, held konsert i Hylestad onsdag 11. juli.
Programmet tek utgangspunkt i sommaren og gleda over Guds skaparverk.

Tina Lynderup arbeider som kyrkjesongar i Videbæk kyrkje. Ho opptrer med solosong i mange samanhenger, både i og utanfor kyrkja: kyrkjekonsertar, amatøropera, foreinings-arrangement, familiefestar, mottakingar m.m. Tina har eit særs breitt repertoar, mellom anna klassiske korverk, operettar, musikalar, salmar, viser og andelege songar. Ho gjev også kyrkjekonsertar saman med organist, komponist og jazzmusikar Willy Egmose frå Skjern og har gitt ut fleire CD-ar saman med han.