20.10.18

Haustdugnad i Brokke

Brokke AS inviterer saman med velforeiningane til løypedugnad.
Ta med heile familien på ein produktiv og gama helg i Brokke!

Me vil prøve å rydde langrennsløypene og deler av off-piste i skibakken.

Her er ei oversikt over dei ulike stadene me treng din hjelp!

1. Alpinsenteret gjennom Sitåsen.
2. Lysløypa til Jarnsverk.
3. Jarnsverk til Reigårsstøyl.
4. Kvisletoppen til Myklevatn.
5. Rundløype på Kvisletoppen.
6. Off-piste

Velforeiningane og Brokke AS serverer pølse og drikke til alle som er med.

Ta gjerne med sag, ryddesag, øks, hekksaks eller anna som kan brukast til å rydde i kratt.

Påmelding til post@brokke.com eller merk deg som “SKAL” på Facebook- arrangement, innan 12. oktober.
Skriv namn på deltakaren, ønsket arbeidsoppgåve og hyttefelt du høyrar til.

Meir informasjon om oppmøtestad og tid på Brokke.com sitt facebook- arrangement.

Venleg helsing Brokke AS og Velforeiningane i Brokke.