HAUST22

Smakfulle tilbod. Latter og leik. Kortreiste opplevingar. 

Sosialt lag med gode vener. Velkomen til Haust22.

Laurdag 8.oktober frå 11-16.

Me legg opp til eit fullpakka program, med spennande aktivitetar som zip-line, rappellering i tre, frisbeegolf og mange andre morosama aktivitetar. Det blir små konserter  og spennande utstillarar rundt på tunet, og kanskje kan du kaupe med deg noko!

Billettar kan bestillast her: Haust 22

I år har med så langt fått med oss desse utstillarne, og me gler oss til dei er på plass!

  • Odde Sagbruk
  • Valle sport
  • Eiken Hytter
  • Sylvgarden Sylv
  • Rysstad Laftebygg
  • Odden plantemarked
  • Salves Gard
  • Uppistog gard
  • Sigrid Berg Saueskinn
  • Finn Eikaas med pizzafjøler i Eik
  • Sygard Honning
  • Bjørgum Gard med Salsa
  • Strikk
  • Ledaal Teppeveveri AS med saueskinn, reinskinn, saueskinn laget sammen til tepper av Ledaal, og diverse fat og skjærefjøler i Eik.
  • +++

I tillegg blir det matservering i teltet av Sylvgarden Hotell og Feriesenter, Helle bakeri kjem med eit utsalg av bakevarer og det blir ei vaffelbod med kaffe i tillegg.

NYHEIT!!!! Det blir guida tur i Via Ferrata Løefjell for de som vil. Ekslusivt tilbod KUN denne dagen. Kr 275,- pr person, med guide og utstyr. Minste aldersgrense er 6 år.

Dette er ein klatrestige som passar for alle, og som er spesielt tilpassa barn og unge. Her kan heile familien gå på tur, og me lovar at det blir ein opplevelse for alle!

Børre Bergshaven som bygde Via Ferraten tar med seg to grupper. Ein kl 10 og ein kl 15. Det blir oppmøte ved Nistebui i Brokke. Du kan bestille tur her: Via Ferrata Løefjell

Har du noko du vil selje? Ta kontakt på post@brokke.com eller 455 12 296 så sender me deg invitasjonen.

 

Hald av datoen, så kjem her meir informasjon etterkvart!