Kun to timar fra sørlandskysten

17.08.18 kl. 20.00 - 02.00

Hardhaus på Valle Motell

Fredag vert det liv på Valle Motell når Hardhaus underheld, eit band frå Telemark som serverer orginale låter på dialekt!

Dørene opner klokka 20.00 og det blir fest og moro fram til klokka 02.00!

Aldersgrense: 18 år
CC: 300 kr


«HARDHAUS – den litt slemme lillebroren!»

Hardhaus er eit nystarta band frå Telemark som serverer originale låter på dialekt. Bandet består av fem rutinerte musikarar som har lang fartstid frå andre band.
I pressen er Hardhaus blitt omtala som «Telemarks nye supergruppe» og med eit knallsterkt og kritikerrost debutalbum i kofferten er Hardhaus i full gong med festivalsommaren. Allereie før bandets fyrste album var utgitt, var den landsomfattande turneen nesten utsolgt.  Gutta serverer fengjande låter i landskapet mellom rock og country på drangedalsdialekt, og det hersker ingen tvil om at Hardhaus er ein like energisk gjeng på scenen som på plata.

Bandet består av:
Vidar Heldal – vokal
Erik Norheim – gitar og vokal
Erik Damberg – bass og song
Endre Christiansen – tangenter og vokal
Jonas M. Lima – trommer og vokal

Hardhaus er ekte vare!!