Kun to timar fra sørlandskysten
03 Juli
kl. 10.00

FRISBEEGOLF OG GAPAHUK - DUGNAD

-det blir frisbeegolfbane i Brokke

Laurdag 3 juli blir det dugnad i ljosløypa i Brokke.

Då vil me starte opp arbeidet med å lage ein 9 hulls frisbegolfbane som starter ved Brokkestøylen og som går rundt ljosløypa (3km, ikke heilt innerst).

Me treng då nokre som kan rydde, som kan snekre opp merke til utkast, og som kan sette opp korgene, og ikkje minst til å teste ut om dei er plassert bra!

I tillegg vil me også oppgradere gapahuken, og Odde Sagbruk har vært så snille og sponset oss med ny beis. Så her treng me nokre som kan beise og som rydde opp litt rundt.

 

Ta gjerne med:

  • rive/rake
  • sag
  • ryddesag
  • motorsag
  • 4-6 hjulig
  • klede til å male i
  • frisbeebrett til å teste

 

Me tar med mat, drikke og noe snack og så satser me på ein pause innmed gapahuken!

Meld fra på Facebook eller på mail til merete@brokke.com om du kjem!

Både born og vaksne er velkomne til å være med!

 

 

Frå løypedugnad i fjor!