21.04.18 kl. 19.00 - 21.00

Konsert med Bygland Hornmusikk og Kong Hanes Efterfølgere

Bygland Hornmusikk og Kong Hanes Efterfølgere slår seg saman for å levere publikum ein swingande aften i gymsalen på Bygland!

I løpet av det siste året har altså korps og kor slått saman styrkane og øvd godt og mykje fram mot felleskonserten i april i Bygland. Temaet er storband, kopla saman med jazz og swing. I konserten vil det bli innslag frå både korps og kor individuelt og sjølvsagt fellesnummer. 

I tilegg til desse aktørane har dei fått med seg enkeltmusikerar til  å delta i ei blåserekke og i eit husband. Det morosame er at dei har med folk frå Valle i nord og Hornnes i Sør, og til  og med eit internasjonalt medlem. 

Dei ynskjer alle velkomne til ein  swingande kveld med mykje messing, musikk og smil! 

I pausen får du kjøpe kaker og kaffe.
Billettar kostar 250 kr, og kan kjøpast på  Matkroken, Bygland og Databutikken,  Evje.

Følg arrangementet på facebook.