18.08.18 kl. 10.00 - 14.00

Fjellyoga på Løefjell- AVLYST

Me beklagar å måtte fortelje at me dessverre må avlyse Fjell-Yoga på Løefjell, då det rett og slett ikkje er nok påmeldte😔
For dei som har betalt, vert beløpet refundert.
Me prøver att til neste år😊🤞

Bli med på fottur og yoga i fantastiske omgjevnader på toppen av Løefjell.

Laurdag 18 august møtest vi på Brokkestøylen før vi går opp til toppen av Løefjell. Sjølve turen opp tek ca. 1 time. På toppen blir det ein yoga- økt på 90 minutt med yoga- instruktør. Etter yoga blir det servert nydeleg lunsj, før turen går ned att til Brokkestøylen.

Dette er ein unik moglegheit til å gjere yoga i fredfulle omgjevnader!

Dato: Laurdag 18. august

Klokka: 10.00- 14.00

Pris: 399 kr

Påmelding: VIPPS, kode #97675 eller søk; Brokke AS

Praktisk info:

  • Ta med yogamatte, for dei som ikkje har – gjev oss ein beskjed.
  • Ta med sekk med drikkeflaske, varme og vindtette klede.
  • Lurt med fjellsko, desse tek du av deg under yoga.
  • Atterhald om vêret: Det blir tur til Løefjell uansett, men i dårleg vêr legg me yoga og lunsj til alpinsenteret.
  • Ta kontakt for spørsmål eller info.

 

Velkomen til ein dag du kan senke skuldrene og utøve yoga i fri natur med fantastisk utsikt!

 

 

 

KONTAKTINFORMASJON

Brokke AS
Aktivitet og markedsføring
E-post: post@brokke.com
Telefon: 45512296 (ikkje sms)