30.03.19 kl. 10.00 - 15.00

Brokkelåmi

Brokkelåmi - Skirennet for heile familien!
Bli med på eit familieskirenn i fantastiske omgjevelsar!

Velg mellom 3 løyper og nyt dagen.

Familieskirennet med fokus på kvalitetstid med familien.

Her blir ingen tidtaking, men startnummer og diplom til alle.

Me trekker noen flotte premier på startnummeret så bli igjen til slutt. Alle som har meldt seg på før kl 12 blir med på trekninga.

Her blir også ein eigen løype for dei aller minste!!

Alle som deltek får gratis drikke og pølse etter avsluttet løp. Disse grilles sjølv på bålpannen som me har fyr på.