28.09.19 kl. 11.00 - 15.00

Brokke Haustmarknad

Me inviterar igjen til haustmarknad i Brokke! Vil du sjå kva partnerane i Brokke AS har å by på?

Nytt av året er SKIBYTTEDAG!

Me ønskjer dykk velkomne til Brokke Haustmarknad, laurdag 28. september kl. 11.00- 15.00 ved Meglarbua.

Er de på utkikk etter hyttetomt, entreprenørar eller ikkje har bestemt dykk for kva slags hytte de vil bygge? Då har de moglegheit for visning i dei ulike hyttefelta og til å bli betre kjent med dei ulike partnerane i Brokke som er utstillarar.

Me har og ein eigen avdeling for skibytte. Ta med dei gamle skia, bytt, selg eller kjøp!

  • Ein dag med aktivitet og utstillarar i Brokke
  • Meglarane har visning same dag
  • Sal av lokale råvarer
  • Utstillarar som rørleggar, elektrikar, byggmester, meglar med fleire
  • Eige klatretårn som alle kan teste.
  • Spisekroken sel bakevarer!

 

Her er nokre minne frå tidlegare år.