10.08.19 kl. 6.30 - 18.00

Bispevegmarsjen 2019

Laurdag 10. august 2019 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er i underkant av 30 km, og går i høgfjellsterreng, over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde.

Turen er fin for både barn og vaksne, men yngste anbefalte alder er 10 år. Ein må vere i såpass fysisk form at ein klarar å gjennomføre turen innan kl 18.00.

Enkelt matsal i mål.

Start ved Nøs før Øysæ i Kleivgrend i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter.

Buss frå Valle skule kl 06:30. Du betalar for marsjen før du går på bussen, anten kontant, med kort eller via Vipps.

Start ved Nøs, Øysæ kl 08:30.
Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål).

Startkontingent:
Vaksne: 150,-
Barn t.o.m. 16 år: 100,-

Buss Valle-Øysæ/Fyresdal(ein veg)
Vaksne: 250,-
Barn t.o.m. 16 år: 200,-

Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss!

Påmelding til Valle turistkontor innan laurdag 3. august:
E-post: sentralbord@valle.kommune.no
Tlf: 379 37 500

Viktig at du oppgir namn på alle som skal gå og telefonnr.

VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG!

Arrangørar: Fyresdal IL og Valle IL

 

Følg arrangementet på facebook!