Kun to timar fra sørlandskysten

12.08.17 kl. 06.30

Bispevegmarsjen 2016

Laurdag 12. august 2017 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er ca 30 km, og går i høgfjellsterreng, over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde.

Turen er fin for både barn og vaksne, men yngste anbefalte alder er 10 år. Ein må vere i såpass fysisk form at ein klarar å gjennomføre turen innan kl 18.00.

Det er ikkje matstasjonar undervegs. Enkelt matsal i mål.

Start ved Nøs før Øysæ/ Øysædammen i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter.

Buss frå Valle kl 06:30. Oppmøte i Fyresdal ved Øysen kl 08:30.
Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål).

Startkontingent:
Vaksne: 150,-
Barn t.o.m. 16 år: 100,-

Buss (uavhengig av veg):
Vaksne: 250,-
Barn t.o.m. 16 år: 200,-

Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss!

Påmelding til Valle turistkontor, innan laurdag 7. august:
E-post: sentralbord@valle.kommune.no
Tlf: 379 37 500
Viktig at du oppgir namn på alle som skal gå og telefonnr.

VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG!

Arrangørar: Fyresdal IL og Valle IL