Kun to timar fra sørlandskysten

16.01.16 kl. 10:00 - 12:00

Aktivitetsdag for ungdom i Vallehalli

Valle IL arrangerar aktivitetsdag for ungdom i Vallehalli ved Valle skule.

Denne dagen blir det eit eige opplegg i hallen og på Møykjeromet for ungdomsskuleelevane.

Det blir to uformelle aktivitetar i hallen, i tillegg til ei spinningøkt med Bjørg Åkre og ei styrkeøkt med Caroline Rysstad i Møykjeromet.

Etterpå er det open hall for alle.

Dette er eit opplegg og ein sjanse til morosame aktivitetar og ein tur i Møykjeromet som ingen burde la gå frå seg! Vi håpar å sjå mange ungdommar i hallen denne laurdagsføremiddagen!