17.mai på Rysstad

- bli med å feire dagen på Rysstad

Det blir bilrebus, skramletog, biltog, gudsteneste, kransenedlegging, mat, leikar og aktivitetar, og mykje meir!

17. mai 2023

Tradisjonen tru startar dagen på Rysstad med skramletog kl. 07, og kl. 1100 køyrer bilkortesje med pynta bilar og veterankøyretøy mot vallebygda. Den offisielle delen av dagen startar med eit lite festprogram på Valle bygdeheim kl. 1030, der det blir tale ved Ordførar og kulturinnslag. Om lag kl. 1115 køyrer kortesje med pynta bilar og veteranbilar forbi bygdeheimen, og om lag kl. 1200 er det gudstjeneste i Hylestad kyrkje før tale og nedlegging av kransar ved bautaene. Etter kransenedlegging går folketoget til Hylestad soknehus, der det blir leikar og mat. Festprogrammet starter kl. 1530 og vert overført direkte til storskjerm på Valle bygdeheim.

Bilrebus heile dagen

Det er høve til å delta i bilrebusløp heile dagen, kl. 12-21. Post 1 startar nede ved helsehuset og siste post endar på Rysstad. Alle postane er godt synlege frå vegen, så du slepp å leite viss du har funne rett stadnamn. På siste post må du sende inn alle stadnamna på rebusane med ditt namn og telefonnummer på e-post til  valle.fau@valle.kommune.no innan kl. 21.00.

Ut å ete?
På Sølvgarden blir det ein bugnande buffet med mykje god mat frå kl 13. Her kan det vere lurt å bestille bord i god tid på tlf 379 36 130 eller send ein epost til booking@solvgarden.no
GRATULERER MED DAGEN🇳🇴 🇳🇴 🇳🇴