Valle Vev

T: 913 63 159
W: www.facebook.com

Valle Vev er ei lita lokal verksemd dreve av Karin Bøe, i Valle i Setesdal. Verksemda starta i 1996 og er basert på vevtradisjonen i Setesdal.

Ynskjer du puter eller løper til hytta di med eit vakkert preg fra Setesdalskulturen, må du ta kontakt med Karin og Valle Vev.
Karin vev belter til Setesdalstakken, kjyrkjetjeld og kjyrkjetæpe, som er eit sjal som vert bruka til stakken.

Sjå Facebook sida for meir info og vakre bileter!

Karin har også laga eiga bok som du kan få kjøpt hjå henne. Boka heiter, “Rugger og brossar. Åkle i Setesdal”.
Ei bok om kvinneleg kulturhistorie, sengetøyhistorie, ull, spinning, farging, veving og mønstre.