Systog Dale er ein gamal slektsgard i Valle i Setesdal, som ligg nokre kilometer nord for sentrum. Her finn du overnattingsverksemda Kallefoss Hyttepark, gardsbutikken og severingsstaden Systog Dale- med eige galleri.

I 2017 stod det nye og større lokaler klare, der dei no har eige galleri. I dei nye lokala er det både kurskjøkken og baksterom, og her kjem Margit Dale til å take i mot grupper til mat- og bakekurs.  Du kan og bestille servering for grupper frå 10-60 personar, med ein heilt ny meny med både tradisjonsmat og meir moderne rettar basera på lokale råvarer. I dei nye lokale har dei alle møtefasilitetar og kan tilby pakkeløysingar i samband med møter og konferansar som er tilpassa alle behov og ynskjer.

Systog Dale skal syne 2-3 separatutstillingar i året. Kvar sumar og jol vert det utstillingar kor dei visar kunst frå ein rekkje ulike kunstnarar. Då vil det og være mogleg å kaupe bileta rett frå veggen. I samband med utstillingane vil dei ha open kafé med enkel servering.
Utanom utstillingane er det verdt å ta turen til Systog Dale for den kunstinteresserte. Her har dei alltid eit breitt og godt utval av grafikk og malerier for sal.

Systog Dale tek og på seg oppdrag med utsmykkjing av bedrifter, private bustader og hytter.
Med kyndig entusiasme kan dei hjelpe deg eller din bedrift med fylgjande:

  • Velje ut kunstverk som er tilpassa miljøet det skal hengje i, din smak og ditt budsjett.
  • Planlegging av ein utsmykkjing.
  • Plassering og montering
  • Råd, rettleiing og kjøpshjelp dersom du ynskjer å investere i kunst.

Systog Dale – der tradisjonar lever vidare

For åpningstider sjå facebookside.