Sylvartun vart etablera i 1961 og fram til til noko ut på 2000-talet, gjennom fire tiår, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Setesdalsmuseet har sett det som ei oppgåve å leggje til rette slik at Sylvartun på ny kan take imot besøkande. Det er laga nye utstillingar med fokus på musikkinstrument og synleggjering av musikk- og dansetradisjonar i Setesdal men med stor overføringsverdi til områda rundt. Dei kaller det eit senter for immateriell kulturarv.

I tillegg til å vere ein utstillingsarena, er Sylvartun også eit aktivitetssenter og eit tilbod til barn og unge i heile dalen med tanke på å fremje immateriell kulturarv m.a. som øvingsarena for leikarringen, kulturskulen m.m.

Folkemusikkmiljøet i Setesdal er på mange måtar unikt med slåttespel på hardingfele og munnharpe, kveding og dans overlevert i ein ubroten tradisjon. Dei eldste utøvarane i dag lærde alt på gamlemåten – direkte av sambygdingar som var fødde på slutten av 1800-talet.

I tillegg har musikk og dans gjennom lang tid vorte formidla gjennom utøvarar på eit svært høgt kunstnarleg nivå. Folkemusikken er eit av varemerka for Setesdal som folk har forventningar til når dei kjem til dalen.

Sylvartun er sesongope med guide

Velkomen!