Sesongope med guide

Rygnestadtunet er det mest spesielle museumstunet i dalen. I den eldste delen av våningshuset er det brukt tømmer frå eit hus som må ha vorte bygt ein gong før 1350, medan fjøset vart bygt så seint som på 1900-talet. Det budde folk i husa fram til 1919. Våningshuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum.

«Trihåglopt» ved sida av våningshuset er det einaste loftet med tre fulle etasjar som er att i dalen. Konstruksjonen er heilt eineståande, mellom anna fordi tredje etasje vart bygd først!

Litt lenger ned i bakken står det såkalla Rygnestadloftet, bygt av tømmerstokkar med uvanleg store dimensjonar. Lofta var alltid i to høgder, innreidde til oppbevaring av mat nede, tekstilar og andre fine ting oppe. På Rygnestad museum er det teke vare på middelalderkunst som eigaren Vonde-Åsmund etter tradisjonen skal ha hatt med seg heim frå tida som leigesoldat nede på kontinentet.

Rygnestad og kulturlandskapet rundt er uvanleg godt bevart, og er difor valt ut som eitt av 32 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg.

Kilde: Setesdalsmuseet