Avtal brøyting og strøing av innkøyrsla no for 2019/2020

Brøyting og strøing i Brokke

Ynskjer du å gjere avtale om brøyting av innkøyrsla til hytta di?

Brokke Aktivitet AS har ansvaret for snøbrøyting i Brokke.

Alle tomteeigarar pliktar å betale for brøyting av fellesveg i hyttefeltet, kr 1.820,- per sesong.

Brøyting av innkøyrsla til hytta di kostar kr 1.995,- for sesongen 2019-2020. Nedanfor finns skjema for å bestille brøyteavtale.

Ved bestilling av brøyteavtale godkjenner du “vilkår for brøyting”.

Les!: Vilkår – brøyting 2020

Kart som viser kvar du finn brøytestikker og strøsand.

 

Slik bestiller du:

  1. Fyll ut skjemaet under
  2. Send inn skjemaet
  3. Du mottek stadfesting på bestilling per e-post
  4. Betal tilsendt faktura

VAKTTELEFON FOR BRØYTEMANNSKAP: 41 50 43 80

 

Faktura for brøyting vert sendt ut i januar. Avsendaradresse for faktura er noreply@invoice.24sevenoffice.com

Rekneskapsystemet vårt, 24SevenOffice, er integrert med Hokas (purre/inkassoselskap). Purringar blir automatisk sendt etter forfall frå følgande epost: no-reply@reply.hokas.com

Nokre opplever at spamfilteret stoppar epostar frå desse adressene. Sjekk i tilfelle spam / søppelpost og registrer adressene ovanfor som sikre avsendarar. Ver venleg å melde i frå til aktivitet@brokke.comdersom du ikkje har motteke faktura i løpet av januar.

 

Informasjon om “Brøyteappen”.

For å logge inn i systemet må du først vere registrert brukar. Det er brøytefirmaet i samarbeid med NSS-Hyttetjenester som registrerer deg og du vil få tilsendt SMS med innloggingsinformasjon når du er registrert.

For å logge deg inn og melde ankomst til hytta gjer du følgande:

Gå til sida www.hytteankomst.no / https://hyttetjenester.net/arrival.php

1) Vel land (+47 Norge for norsk nummer).

2) Mobilnummer. Skriv inn ditt mobilnummer (8 siffer).

3) Passord (minimum 6 teikn) Skriv inn passordet du har mottatt på SMS (hugs å bruke små og store bokstavar). Du kan endre passordet etter at du har logga deg inn (passordet må bestå av minimum 6 teikn). Dersom du har gløymt passordet kan du klikke “Glemt passord?” for å få tilsendt eingongskode på SMS (4 teikn).

4) Klikk på den grøne knappen, “Logg inn / meld ankomst”, for å logge inn på di side. Når du er logga inn klikkar du på knappen “Bestilling” med hytteadressa under.

5) “Fra dato” Angi ankomstdato i feltet.

6) “Til dato” Angi dato for avreise.

7) Klikk på knappen “Lagre”

 

Du kan også laste ned appen: “Hyttetjenester” som er tilgjengeleg for Android-telefonar på Google play og iPhone på App Store.
For å logge deg inn og melde ankomst til hytta via appen gjer du følgande:

1) Vel land: +47 Norge

2) Mobilnummer: Skriv inn ditt mobilnummer (8 siffer).

3) Passord: Skriv inn passordet du har mottatt på mobilen (hugs å bruke små og store bokstavar). Du kan endre passordet etter at du har logga deg inn (passordet må bestå av minimum 6 teikn). Dersom du har gløymt passordet kan du klikke “Glemt passord?” for å få tilsendt ein eingangskode på SMS (4 teikn).

4) Klikk på den blå knappen med kvit tekst “LOGG INN” for å logge inn på di side. Når du er logga inn klikkar du på knappen med bilde av ei hytte med hytteadressa under.

5) “Meld ankomst” Klikk på den grå knappen merka “LEGG TIL” til høgre for teksten “Meld ankomst”.

6) Klikk på datolinja rett under teksta “Velg ankomstdato” og vel ankomstdato i kalenderen.

7) “Velg avreise dato” Klikk på nedtrekksmenyen rett under teksten “Velg avreisedato” og vel avreisedato i lista.

8) Klikk på den blå knappen nederst med hvit tekst “LAGRE” for å fullføre bestillinga.

 

Brøyting og strøing i Brokke

Namn*

Fakturaadresse*

Postnummer*

Stad*

Telefonnummer*

E-post*

Gjenta e-post*

Hytteadresse*

Gards og bruksnummer

Strøing av innkjørsel til hytta ved strøing av fellesveg (kr. 2.500,-)

Ynskjer du ein prolongerande avtale?

Felt markert med * er obligatoriske.
Ved val av prolongerande avtale godtek du årlege prisjusteringar.
Faktura blir fortrinnsvis tilsendt per e-post.