Kun to timar fra sørlandskysten

KVISLETOPPEN HYTTELANDSBY

- du kan no bestille ei nøkkelferdig moderne hytte med store vindaugsflater og flott utsikt!

No med to hyttemodellar!

Du kan velje mellom to hyttemodellar, alt etter dine behov.
Hyttene kan seljast nøkkelferdig eller som halvfabrikat.

Olivia’s hytte

I den største modellen i fyrste etasje finn du ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald inn i oppholdsromma, samt utgang til terrasse. Kjøkken blir montert etter eige val. Det er 2 soverom, samt bad/vaskerom og trapp til loft. Mogleg med terrasse på begge sider av hytta for nytting av sol. Loftsetasjen består av loftstue og 1 soverom. Loftet har større golvareal enn bruksareal, da skråtak gjør at det ikkje er målbart. Golvarealet i hytta er på heile 80 kvm. Om ønskjeleg kan det også bygges inn eit ekstra wc, praktisk dersom man er mange på tur saman. Det er også mogleg for å bygge til ekstra soverom over kjøkken.

Olivia’s lille hytte

I september 2018 ble ei ny og rimelegare hyttemodell lansert, med kampanjepris på 1.960.000 ,- + omkostninger. Dette er ei mindre hytte på omlag 50 kvm, med det same særpreget som den store modellen. I staden for ein loftetasje, er det her ein sovehems med stige frå stua. Fyrste etasjen inneheld ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald og utsikt, samt utgang til terrasse. Det er 2 soverom,  bad/vaskerom og stige til hems.

Tomtekart

- allereie 12 solgte

Reguleringsplan

- klikk på ein av lenkene under så kan du laste ned plankart, reguleringsplan og føresegner!

Ta gjerne kontakt

- ring oss gjerne om du lurer på noe!

Kvisletoppen Hyttelandsby AS
Arne Eftestøl, Salgsansvarlig
E-post: arne@kvisletoppen.no
Nettside: brokke.com
Telefon: 47260679