Kun to timar fra sørlandskysten

"BRØYTEAPP"

- litt info om brøyteappen

For å logge inn i systemet må du først vere registrert brukar. Det er brøytefirmaet i samarbeid med NSS-Hyttetjenester som registrerer deg og du vil få tilsendt SMS med innloggingsinformasjon når du er registrert.
For å logge deg inn og melde ankomst til hytta gjer du følgande:
Gå til sida hytteankomst.no
1) Vel land (+47 Norge for norsk nummer).
2) Mobilnummer. Skriv inn ditt mobilnummer (8 siffer).
3) Passord (minimum 6 teikn) Skriv inn passordet du har mottatt på SMS (hugs å bruke små og store bokstavar). Du kan endre passordet etter at du har logga deg inn (passordet må bestå av minimum 6 teikn). Dersom du har gløymt passordet kan du klikke “Glemt passord?” for å få tilsendt eingongskode på SMS (4 teikn).
4) Klikk på den grøne knappen, “Logg inn / meld ankomst”, for å logge inn på di side. Når du er logga inn klikkar du på knappen “Bestilling” med hytteadressa under.
5) “Fra dato” Angi ankomstdato i feltet.
6) “Til dato” Angi dato for avreise.
7) Klikk på knappen “Lagre”

Du kan også laste ned appen “Hyttetjenester”.
Tilgjengeleg for Android-telefonar på Google play og iPhone på App Store.

For å logge deg inn og melde ankomst til hytta via appen gjer du følgande:
1) Vel land: +47 Norge
2) Mobilnummer: Skriv inn ditt mobilnummer (8 siffer).
3) Passord: Skriv inn passordet du har mottatt på mobilen (hugs å bruke små og store bokstavar). Du kan endre passordet etter at du har logga deg inn (passordet må bestå av minimum 6 teikn). Dersom du har gløymt passordet kan du klikke “Glemt passord?” for å få tilsendt ein eingangskode på SMS (4 teikn).
4) Klikk på den blå knappen med kvit tekst “LOGG INN” for å logge inn på di side. Når du er logga inn klikkar du på knappen med bilde av ei hytte med hytteadressa under.
5) “Meld ankomst” Klikk på den grå knappen merka “LEGG TIL” til høgre for teksten “Meld ankomst”.
6) Klikk på datolinja rett under teksta “Velg ankomstdato” og vel ankomstdato i kalenderen.
7) “Velg avreise dato” Klikk på nedtrekksmenyen rett under teksten “Velg avreisedato” og vel avreisedato i lista.
8) Klikk på den blå knappen nederst med hvit tekst “LAGRE” for å fullføre bestillinga.