Velkomen til Via Ferrata Brokke i Løefjødd

Via Ferrata Brokke open

Via Ferrata Brokke har allereie mange besøkande om dagen, med eit nærast obligatorisk badestopp på veg ned att, i kulpane i Brokke. I Løefjødd i Brokke finn du ein av dei mest familievenlege Via Ferrrataene i Valle Kommune.

I 2016 vart ei Via Ferrata løype i Løefjødd i Brokke bygd, av Børre Bergshaven og i samarbeid med Via Ferrata Straumsfjell.
Dette er ein klatrestige som passar for alle, og som er spesielt tilpassa barn og unge. Her kan heile familien gå på tur,og me lovar at det blir ein opplevelse for alle!

Det er oppmøte på Helle Camping for alle som skal gå Via Ferrata Brokke! Vidare kjøyrer vi opp til foten av Løefjødd. Kle deg i gode klede og bruk gode sko utan for glatte såler. Husk nistepakke og 1-2 liter med vatn/drikke. Turen tek ca 3 timar frå du startar i botnen av Løefjødd, til du har gått ned att stien. Det er ei lita tjønn på toppen som er fin å ta ein kjølande dukkert i før du byrjar på nedturen.
Vær oppmerksom på att turen kan bli avlyst på grunn av regn. Skjer det, flytter vi turen til ein anna dato.

Det går guidet tur kvar dag, samling kl. 11.00 på Helle Camping som ligg ca 4,5 km sør for Rysstad.  

Du kan velge å klatre aleine med eige utstyr, eller leige både guide og utstyr til turen fra Helle Camping.

Prisar

250 kr gå aleine med eige utstyr
500 kr leie utstyr og gå aleine
750 kr per pers med guide. Samling kl 11.00 på Helle Camping
2500 kr for familie 4 stk. med guide (ta kontakt)

Ein kan gjerne gå saman med andre personar i gruppe med guide.

Bedrifter eller andre grupper ta kontakt for pristilbod og skreddarsydde pakker.

Bestill på tlf: 97 40 90 77 (Helle Camping)

Online booking Hele Camping