Elgjakt i Brokke- omårdet

Tid for elgjakt

I desse jakttider ønskjer me at både turgåarar og jegerar skal ha så gode opplevingar i naturen som mogleg, derfor vil me opplyse om dette:

I tida frå 25. september og ut oktober held elgjakta på, men det betyr ikkje at du ikkje kan bruke terrenget. Me oppfordrar til bruk, men eit godt tips er å kle se i litt fargerike klær, gje eit lite vink om du ser jegeren eller ein elg😉

Garane jaktlag (Brokke) jaktar i helgene kvar helg i oktober, og bestemmer ikkje før same dagen i kva terreng dei skal jakte.

Derfor opplyser me på vegne av Garane Jaktlag at dei vil vere i områda Løefjødd, Stigemyran/Uvedalsfjellet og Vardefjell i helgane i oktober, til dei har fått kvota si.

Rysstad jaktlag held til på Kvisle- sida og Rysstadåsen.

Då anbefaler me å ta fjellturen på eit anna område i denne perioden, for at både jegerane og turgåarane skal få ein fin tur og oppleving!

God tur og god jakt!

 

Foto av Anders Martinsen og #buisetesdal