Kun to timar fra sørlandskysten

Ny oppdatering!

Me stanser løypekøyringa

På grunn av situasjonen med korona og påfølgande krav frå myndigheitene om å ikkje reise til hytter som er utanfor eigen kommune, har me nå beslutta å stanse køyring av langrennsløyper. Dette gjeld ikkje ljosløypa, då den forvaltast og betalast av Valle kommune.

Me beklagar å måtte fortelje at me nå går til det skritt å avslutte køyring av langrennsløyper. Avgjersla er basert på kravet frå myndigheitene om at ein ikkje skal dra på hytta i annen kommune nå under denne  spesielle situasjonen me har fått med korona viruset. 

Ljosløypa vil bli køyrd som tidligare, då denne er eid og finansiert av Valle kommune.

 

Me håpar at denne situasjonen snart vil ta slutt, og at me igjen kan ynskje dykk velkomne. 

Så sjølv om me i denne situasjonen faktisk ber dykk om å ikkje kome, er dykk likevel sårt sakna!