Det er snart tid for den årlege skitur frå Berg i Valle via Stavskar-hytta og til Brokke

Skitur frå Berg i Valle via Stavskar-hytta og til Brokke

Kunne du tenke deg ein skitur i eit av Noregs mest spektakulære områder?

Turen er for alle og er som regel mellom skjærtorsdag og søndag, det kommer litt an på vêret. Følg med på facebookgruppa, Brokke, Evardalen og Myklevatn så kan du halde deg oppdatert på når turen går.

 

Dette er eit privat tiltak og på eige ansvar, men eit tilak me likar så godt at me gjerne delar det her.

 

Sjå film frå både 2017 og 2018 her!

 

Tiltaket er igangsett og filma av Eirek Gullevåg.