Vinteren er her og det er tid for å bestille parkering på Jarnsverk!

Sesongkort for parkering ved Jarnsverk 2017/18

Her kan du bestille, og skrive ut parkeringskort for Jarnsverk parkeringsplass.

Sesongkortet vil få eit unikt ordrenummer som må vere synleg for kontroll. Du kan berre bruke kortet i eitt køyretøy om gonga.

Sesongkort for parkering på Jarnsverk kostar kr. 1.200,-. Du kan eventuelt bestille kortet i betalingskassen på Jarnsverk, få oblat og faktura tilsendt (administrasjonsgebyr på kr. 100,- kjem i tillegg). Alternativt kan du betale for natt/døgnparkering i betalingskassen på parkeringsplassen. Natt/døgnpris kr. 120,-. Kontant betaling.

Dagparkering mellom kl. 07.00 og 23.00 er gratis.

Misbrukt (duplikat) eller ikkje synleg oblat kan medføre kontrollavgift (kr 500,- + døgnavgift kr 120,-).

Slik bestiller du:

  1. Fyll ut skjema under.
  2. Før opp gards- og bruksnummer for hyttetomta kortet gjeld for.
  3. Etter endt bestilling vil du motta ein e-post med lenke for utskrift av parkeringsoblat.
  4. Faktura blir sendt til oppgitt e-post.
  5. Dersom du ynskjer å kjøpe to parkeringsoblat lyt du oppdatere nettsida (F5), og fylle inn opplysningane ein gong til. Dette for å få ulike ordrenummer på oblata.

Parkeringskort for Jarnsverk parkeringsplass

Namn*

Adresse*

Postnummer/stad*

Telefon*

E-post*

Gjenta e-post*

Gnr/Bnr*

Felt markert med * er obligatoriske