Kun to timar fra sørlandskysten

Sesongkort for innbyggjarane i Valle kommune

Under budsjettmøte i Valle kommune 16. desember vart det vedteke nye rettningslinjer for rabatterte skikort.

Valle kommune gjev alle barn frå 1.-10. klasse gratis sesongkort hjå Brokke Alpinsenter. Valle kommune gjev 20% refusjon på skikort til ungdomar frå 16 til og med 18 år.
Ordninga vert organisert slik:

  • Dei som kjem inn under ordninga er: innbyggjarar i Valle kommune, elevar på Setesdal folkehøgskule og Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle.
  • Dei som vil nytte seg av ordninga lyt hente kort på Brokke alpinsenter innan 31. januar 2016. Legitimasjon lyt visast fram. Det vert levert namneliste til alpinsenteret på elevar i 1.-10. klasse. (Elevar på Setesdal folkehøgskule og Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle lyt syne elevbevis).
  • Ordninga gjeld berre for sesongkort.

Regelverk for organisering av ordninga skal handsamast i formannskapet 13. januar. Det vert teke atterhald om moglege endringar.

Den nye ordlyden i vedtaket gjev ingen rabatt til vaksne.

På torsdagskøyringane kan dei barna i kommunen, som har lyst til å prøve ski eller brett for fyrste gong kome og låne ski gratis. Dei kan også få skiundervising gratis denne kvelden.

 

 

Kontaktinformasjon

  • Brokke Alpinsenter AS Alpin E-post: alpin@brokke.com
    Telefon: 40007676