LAURDAG 9.MARS 2019

Sesilåmi 2019

1. Oktober kan du melde deg på vinterens store styrkeprøve og oppleving, som går for 40. gong!!
Nedtelling er i gong!

Vinterens store styrkeprøve- tek du utfordringa??

Visste du at??

Navnet “SESILÅMI” kjem frå,  SEtesdal til SIrdal LÅMI (løypa).

Sesilåmi er eit klassisk høgfjellsrenn fra Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal, med sin 53 km lange låm. Rennet er ei tøff utfordring, der høgste punkt er på 1000 moh og vêrforholda kan vere utfordrande. Med andre ord er Sesilåmi for den tøffe slag, og ei prestasjon i seg sjølv. På solskinnsdager, kan ein ikkje få finere tur over heia og gir ei fantastisk oppleving!

   

Rennet vart fyrste gong arrangert i 1976 og har vorte avlyst fire gonger grunna kraftig uvêr. Tryggleiken til deltakarane står i høgsete for arrangørane, og sidan 2014 har Sesilåmi teke grep og laga ei uvêrsløype med start og mål i Brokke. Sesilåmi vil då gå uansett vêr, men i ei noko kortare løype.
Løyperekordane er frå 2007, for herrar 2.13.12 (Svein Tore Sinnes) og for damer er den på 2.39.49 (Jorunn Øye).

Nytt i år var ein eigen trimklasse uten tidtaking, som vart ein suksess. Dei 50 ledige plassane vart tidleg fullteikna, derfor har dei no opna for 100 ledige plassar. Trimklasse er for dei som er meir oppteken av opplevinga enn tida- og som ser at det å gjennomføre Sesilåmi er ei bragd i seg sjølv!

I 2018 var det totalt 1239 deltakarar i Sesilåmi. 220 av desse i Minilåmi, som er eit barnerenn i målområdet i Sinnes.

Påmeldinga opnar 1. Oktober 2018 kl. 12.00
For dei som sikrar seg plass frå 1. oktober til 1. desember, får det til ein “early- bird- pris”.

Påmelding kan ein gjere på Sesilåmi si heimeside.

Sjå Sesilåmifilmen og bli inspirert til ein flott skitur frå Setesdal til Sirdal.

Bilete er lånt frå sesilami.no