Kun to timar fra sørlandskysten

Sauesjå Marknaden i Valle Sentrum

Sauesjå Marknad i Valle

Det er tid for den årlege marknaden i Valle. Der vert det utstillarar med alt i frå mat til sau, tivoli for borna og underhaldning for små og store- både fredag og laurdag!

Sauesjå – eit høgdepunkt på hausten, fyrste laurdag i oktober! Marknad, utstillingar, aktivitetar, underhaldning, basar og anna!

Sauesjå er eit tradisjonsrikt arrangement, som hadde sitt utspring i kåring av verlam, når sauane er komne heim frå sommarbeite på heia.
Det er ikkje lenger kåring av verlam, men på programmet i år vert det koking av lam i kokegrop i regi av Setesdalsmuseet, og slakting og partering av lam med Nortura.

Hovudarrangør er Valle Sentrumsforeining, Valle Bygdekvinnelag og Valle sau og geit, i samarbeid med Valle Kommune.
Denne helga er det liv og røre i heile Valle sentrum! Med marknad, utstillingar, gode tilbod i butikkane, quiz, konsert, tevlingar og, ikkje minst, Valle bygdekvinnelag sin basar med herleg setesdalssuppe som hovudrett, som finn stad i det nye sentrumsbygget Sæbyggjan.
Både Valle Motell, KK Thaimat på Bergtun og Esso Valle har sjølvsagt eigen meny tilpassa temaet denne dagen. Mange utflytta valldølar nyttar høvet til å ta turen heimom akkurat denne helga. 

Sjå meri info på Facebook arrangementet deira.

Velkomen til ein triveleg helg i Valle Sentrum!