Kun to timar fra sørlandskysten

PÅSKEPROGRAM

- ei litt annerledes, men likevel flott påske

Påska i år skulle bli covid fri, men slik gjekk det ikkje. Men sjølv om det blir litt restriksjonar og nokre av arrangementa utgår, er me glade for at me likevel kan tilby eit godt program i påska!

Det blir litt nye innslag som nytt hopp i Vestbakken med triksepute under, det er også crossløype i Vestbakken. Big-jumpen i hovudbakken er klar, og det same gjeld alt av nedfartar. Det er endå mykje snø igjen, så det treng ein iallfall ikkje vere redd for.

Nytt i år er også at det frå torsdag til og med sundag blir kiosksal på toppen av skiheisen! Her kan ein få kjøpt pølse i brød, brus, kaffi og litt kioskvarer som kvikk lunsj osv..

Kiosken finner du på toppen mellom kl. 12 og 16 desse dagane, dersom det er fint vêr!

Ski renn som var planlagt utgår dessverre, men me vil rigge opp ein slalåmbakke i barnebakken onsdag 31. mars for dei som vil teste banen.

Det blir i stadet for den vanlege påskeegg jakta, ein rebus kor du må finne og skanne inn QR kodar for å få med deg ein bokstav, og hint til kor neste post er. Me trur dette blir ein gama og ny vri, og så blir det sjølvsagt påskeegg jakt for dei minste, men her blir det ein og ein familie inn på eit avgrensa område for å overhalde covid anbefalingane!

Me ynskjer dykk ei fantastisk påske, og ber alle om å fortsette å halde avstand og tak omsyn. Husk at det i Valle Kommune er påbodet med munnbind på alle offentlege plassar. Det gjeld også i billett og skiutleiga vår!