Kun to timar fra sørlandskysten

Brokke er stille..

Påske utan dykk…

Kjære hytteeigarar og alle andre!

Dessverre kom dagen då forbodet mot å overnatting på hytter utanfor eigen kommune vart forlenga til etter påske! Me må forhalde oss til dette, sjølv om me så gjerne skulle ha sett at dykk var her.

Brokke er stille, det er mørkt i alpinsenteret, og langrennsløypene er uflidde.

Påska 2020 var fylt opp med aktivitetar, og endelig skulle me alle få nyte godt av snøen, og sola skulle skinne høgt på himmelen! Påskekos med familien på hytta var rett rundt hjørnet..

Me har lyst til å takk dykk for forståinga dykk har vist oss i desse dagar, og støtta fleire av dykk har uttrykt på sosiale mediar! Me er så stolte over å vere ein destinasjon kor alle tek vare på kvarandre.

Me vil i tida no gjere det me kan for at dette skal gå bra, og forberede oss til dykk kjem opp igjen!

 

Tida er no inne til å halde hovudet kaldt og hjarta varmt

 

Me gler oss til å sjå dykk når alt dette er historie, og me skal stå med opne armar når dykk kjem tilbake til oss!

Me sjåast i Brokke!!