Les meir om Fakse Brokke her

Opphavet til Halloween og Fakse Brokke

31. Oktober er som kjent Halloween, men kvar kjem denne tradisjonen frå?
Halloween og vår eigen Fakse Brokke- kan dei ha noko til felles?

Halloween- feiringa kom til Noreg på 2000- talet, men har ei lang historie i USA. Tradisjonen kom truleg med innvandringa frå Irland og Skottland til Amerika på 1800- talet. Ordet Halloween stammar frå den skotske namnet “All- Hallow- Eve”, som tyder “alle helgeners aften”. I kyrkjeleg samanheng er “alle helgens dag” knytt til ein festdag for dei helgenane som ikkje var tildelt ein eigen feiringsdag, som feirast fyrste sundag i november.

Den moderne feiringa av halloween kan ha lange historiske røtter frå etterkomarane av dei hedenske kelterne. 31. Oktober var kelternes feiring av nyttår. Denne seiste dagen i året, sto dei døde opp frå sine graver for å heimsøke dei levande og finne vegen til dødsriket. Derfor kledde kelterne seg ut for å skremme og narre dei onde åndene, for at dei skulle la dei levande vere i fred. Dei tente på neper og brukte dei som lykter for å halde åndene på avstand og dei satte fram mat på dei dødes graver. Sjølv om det var mykje uhygge denne kvelden, var det også ei feiring der dei tok farvel med det gamle året og helste det nye og lysare tider velkomen.

Fakse Brokke som var ein utskåren trekubbe, som på tidleg 1500- talet vart sett på eom eit helgenbilete og avgud i Setesdal.
Fortellinger om Fakse Brokke fortel at han var laga som ein mannskikkelse av ein stor furukubbe. Det seier at det var ein velvoksen kar med hatt på hovudet, ridebukser og alt som høyrde til. Hatten var nedtrykt midt i og der var hol ned gjennom hovudet. Sjølv om faksen såg ut som ein annen vanleg mann, så kunne han ikkje vere som ein anna setesdøl i kvardagskler, han var ein høvding med blanke knappar nedover brystet, og langs saumen i ridebuksene var ein kant av grønt klede.

Faksen var i huset som låg midt i Brokkesvòli i Brokke. Han stod på eit skåp i stua, det var eit overdådig og flott skåp. Det seies at det var så fint, det var nærmast som eit alter. Kantane på ryggen til skåpet hadde utskjæringar som såg ut som blonder. Det var dandert messingknapper utover skåpet, så det lyste og skein. Dei kalla det “Fakseskåpi”.

Setesdølane trudde om dei stelte godt med faksen, så ville han passe på dei og dei bad ofte til han for å få gode avlingar og eit godt liv. Dei gav Faksen akkurat som dei gav tussene, då skulle dei få vere i fred for “oskereiin” og ha godt med dyr og avlinger.
“Oskereiin” var i tida før jol- ei ferd av usynlege og underjordiske skikkelsar som kom på hestar, dei bortførte folk på gardane, brente ned hus, tok mat, drikke og dyra deira. Dette var setesdølane svært redde for, og trudde faksen kunne beskytte dei mot desse. Dei helte nedi hovudet på faksen både smør, kjernemjølk og øl, og dei sette god mat inn i Fakseskåpi slik at faksen skulle ha til å leve godt. For om han ha det godt, så vakta han over menneska som bad til han og som budde på garden.

Soga fortel at Jorund Brokke som budde på garden der Faksen stod i stua, hadde ein son som heitte Svein, som dei etterkvart kalla for «Faksi Brokke», og dermed tok Jorund faksen å sette han på det øvste loftet. Det seies at det spøkte så «kalleg» (grusomt) på loftet, at dei då kasta faksen ut. Der stod han lenge som ein hoggestabbe på utsida av huset, før han til slutt vart hoggen til ved mot slutten av 1700- talet.

Olav Bjørgum si teikning av Fakse Brokke, med tekst frå Torleiv H. Bjørgum.

Evst ´å skåphyllun vakta Faksi,
iv ungt å gåmålt, iv stort og vaksi.
At dagetali laut aktast på,
så der va ti hauste å fre til så.

Ein kan tenke seg ein likhet frå kelteren og setesdølene, der dei tilba helgener og var redde for dei onde åndene. Kelterane klede seg ut for å skremme vekk åndene, setesdølene hadde faksen som vakta over dei. Kelterane gav mat til åndene for å la dei vere i fred, mens Fakse Brokke fekk mat for å gjeve menneska fred.

Kilder:
https://snl.no/halloween.
https://historienet.no/samfunn/tradisjoner/derfor-feirer-vi-halloween
http://heimskringla.no/wiki/Det_Store_Tidskiftet
Gard og ættestoge Hylestad, Alfred Rynningen.