Kun to timar fra sørlandskysten

OPPDATERING CORONA-SITUASJONEN

- litt nye tiltak for å hindre smitte

Brokke Alpinsenter ynskjer velkomne til flotte forhold! Me gler oss til utvida åpningstider:

Torsdag 17.30 – 20.30
Fredag 17.30 – 20.30
Laurdag 10.00 – 19.00
Sundag 10.00 – 16.00

⚠️⚠️På kveldskjøring torsdag og fredag ber me om å IKKJE oppholde seg i parken eller vestbakken, då det blir produsera snø.

På grunn av restriksjonar frå kommuneoverlegen, blir det kun servering ute frå kafeen. Det blir salg av kioskvarer  i Nistebui for å spre køen frå kafe på laurdag frå 12.30-16.00. Me ber om å ta hensyn og halde ei stavlengdes avstand frå andre.

Personalet vil også begynne å bruke munnbind, også dette etter anbefaling frå Kommuneoverlegen.

Dagskort /kveldskort kjøpast som vanleg i billetten, men skal du leige skiutstyr ber me om at du sender melding på 96 00 03 28: namn, tidspunkt, størrelse på sko, høgde og vekt om du skal leige ski.

Me ber om forståelse for dette, og håpar det kun er ei kort stund før me er tilbake til normale rutiner igjen.