Valle Folkebibliotek får eit flott nytt bygg midt i Valle Sentrum!

Nytt bibliotek i Valle

Det nye bygget i Valle Sentrum skal stå ferdig hausten 2018, og her kjem det store nye lokaler til Valle folkebibilotek, samt kyrkjestove, kyrkjekontor og fleirbrukssal!

Valle kommunestyre vedtok i desember 2016 at folkebiblioteket i Valle skal vere samla på ein stad. Dette betyr at frå og med hausten 2018 samlast all aktivitet i det nye biblioteket.

Set av datoen laurdag 15.september!

Då finn offisiell opning av det nye biblioteket og kyrkjestove stad!
Kommunen inviterer alle til opninga, som dei vil gjere til ein bygdefest som varer heile dagen. For å verkeleg ta bygget i bruk, oppmodar dei lag og organisasjonar til å leggje aktivitetar, møte og arrangement til biblioteket utover hausten. Dei har som mål at alle innbyggjarar skal ha vore innom det nye biblioteket før jol – og håpar alle vil hjelpe til med å nå målet!

   
Foto: Svensson Sivilarkitekter AS

 

 

  

Byggemodellen står i Velkomssenteret til Valle Kommune