PUMPTRACKEN ER FERDIG

- Agders kanskje største Pump Track finner du nå i Brokke

Me er så glade for å endeleg kunne dele dette med dykk!

1.juni 2022 starta gravinga av Brokke´s første, og Agders største Pump Track (sykkelbane)!!!

Me har over tid jobba med å få på plass finansieringa til denne banen, og me er nå i mål. Me har fått tippemidlar, gåve frå Valle sparebank, god hjelp frå Valle IL, gode økonomiske bidrag frå Brokke Alpinsenter, Brokke Eigedom, Kvisle Eigedom og Brokke Panorama og Innovasjon Noreg har bidrege veldig godt og gjort det mogleg å lage denne banen så stor.

Den nye pumptracken i Brokke blir bygget på et 2000m2 stort område og får ein asfaltert køyrebane på ca. 700m2. Den er samansett av ei enklare linje som passer for nybegynnaren og dei minste, samt ein meir teknisk linje med veldig mange kuler/element, kor dei mest ivrige vil kunne finne kule rytmar med hopp og gap-variasjonar som dei kan utfordre seg på. Disse kulene og hoppene kan også trilles over, slik at alle, uansett nivå, kan bryne seg på denne.

Banen er bygd slik at du kan sykle på den anten du har BMX sykkel, vanleg sykkel, skateboard, sparkesykkel, osv.

Nomeland Maskin AS har jobben med grunnarbeidet, og Rekkje Stiutvikling som både teikna og bygde banen for oss.

No gjenstår det bar blitt oppussing rundt banen, men du må gjerne bruke han!

Husk å bruk #brokke når du legg ut bilete!