Ny Via Ferrata i Nomelandsfjødd i Valle opnar i juli!

Ny Via Ferrata i Valle opnar i juli

Etter steinraset som gjekk i gjør, er det nå lagt ei ny via ferrata i samarbeid med geologar, og denne opnar no i juli.

I fjor gjekk det eit steinras i nærleiken av den eksisterande Via Ferrataen, og dermed vart denne stengd. Den nye ruta er lagt lenger sør frå der steinraset gjekk i fjor, og alt arbeidet som no er gjort, er i samråd med geologer. Berglihn seier dei  har gjort alt så sikkert som dagens løysingar gjev rom for. No ventar Bratt Friluftsliv AS erstatning fra Naturskadefondet, og det skal etter planen stegvis investerer opp mot 900.000 kr i den nye ruta.

Bratt Friluftsliv AS vil etablere samarbeid med  andre verksemder i og ved Valle Sentrum, for å kunne tilby tilreisande og besøkende ei større “pakke”. Dei ser også for seg å etablere ein “basecamp” på Brokkestøylen, knytta til fleire aktivitetar som kurs, kortreist mat og toppturar.

Ikkje berre har me ei Via Ferrata i Løefjødd i Brokke, Via Ferrata Helle, Norges lengste på Straume, og til no i juli Via Ferrata Nomelandsfjødd.
Me siterer Setesdølen;
Ein ting er sikkert. Utsikta og naturopplevinga frå fjellveggen, som heng over den vakre Vallebygda må vere til å miste pusten av for dei fleste!

Trur me trygt kan seie det same om Løefjødd og Straumsfjell!

Me ønskjer Bratt Friluftsliv AS lykke til med arbeidet og er stolte av å kunne ha slike tilbod i og rundt Brokke!

Vil du teste løypa?

 

Bestill på:

Tlf // 930 84 020

E-post // erikberglihn@icloud.com