Me har saman med Valle Kommune og ein flott dugnasgjeng merka ei ny turløype frå Kvisletpopen til Rysstadåsen.
Det er ein flott tur, som kan delast opp i etapper.
Med små barn kan turen gjerne gå i lett terreng til du kommer til Tjomovatnet, her kan du kvile med god niste og velge å ta turen videre opp, eller ta turen ned til vatnet.
Noen partier er litt bratte, men ikkje noe problem å gå. Stien går over nokre etablera stier, så hugs å følge blåmerkinga for å finne rett sti. Skilt vil kome sommeren 2021. Me vil då også koble denne løypa saman med Løypa opp frå Rysstad Trupark, slik at ein kan følgje dekar turløype heilt ned til Rysstad.
Turen er no merka opp til ryggen på Rysstadåsen, men vil du til det høgaste punktet er det ein flott tur i veldig fint terreng.