NY STI OG KLOPPER

- nå er stien opp til Løefjell lagt om og oppgradert med klopper!

Sammen med Sondre (DNT og Valle Kommune) har me sett på stien opp til Løefjell og Sondre med frivillige har no lagt om deler av den.

Melding fra Sondre kan du sjap under her!

 

Det er etablert ei ny turløype opp til Løefjell som no er merka og klar for bruk.

Det er laga ny løype fordi den gamle laga store sår i terrenget i dei våte områdane. Difor er det viktig at den gamle løypa får ligge i fred og gro. Starten på løypa no er den same, men den deler seg frå den gamle ved dei fyste myrane. Det lagt ned klopper.  Ikkje fordi du skal kunne gå turen tørrskodd, men for å få ein meir berekraftig sti. Andre tiltak for å gjøre stien meir berekraftig er at den ikkje skal gå like bratt, difor svingar den nye stien seg meir i terrenget.  Den har har no mange fleire flotte utsiktspunkt. Stien er ikkje er gått opp, og ein må følgje nøye med etter blå merking dei fyste gongane ein går for å finne fram. Det er fleire hårnålsvingar på turen kor ein må sjå seg rundt etter blå merking. Det er framleis nokre våte partiar på turen som krev at en har ordentlig skotøy. Eg håpar den nye ruta fell i smak med flotte utsiktspunkt og slakare oppstigning. Valle kommune saman med Valle turløypelag har stått for arbeidet og fleire frivillige har gjort ein solid innsats.

God tur på ny sti!

 

GOD TUR!