NY PRISREKORD I BROKKE

- det er satt ny prisrekord på tomtesalg i Brokke

Tidligare i vår vart det sett ny prisrekord på sal av hytte. Då var det ei hytte som gjekk for heile 6.150.000!!

No er det altså sett prisrekord på sal av hyttetomt! Det er seld ei hyttetomt i Furestøyl Aust for 1,5 millionar!! 

I tillegg til desse rekordane, blir det i år bygd nærare 40 hytter og det er allereie bestilt graving av meir enn det dobbelte av tidlegare år! 

Brokke vil fortsette å halde fokus på tidlege og gode skiløyper, utvikle alpinsenteret med aktivitetar og ikkje minst, fortsette å jobbe fram ein heilårsdestinasjon med aktivitetar for familien! 

Me er så takknemmlege for at akkurat DU velger Brokke💙