Kun to timar fra sørlandskysten

NY HYTTE OVERLEVERT TIL JOL

- Haugen Bygg-service har levert endå ei flott hytte

Me gratulerer både Haugen Bygg-service med overlevering av endå ei ny flott hytte, og eigar av splitter ny hytte i Brokke. 

Oddmund Haugen som driv Haugen Bygg-service jobbar eigentleg på Nordsjøen, men brukar fri vekene sine på å bygge hytter i Brokke. Han har no bygd elleve!! hytter som har fått nye eigarar, og held på med endå ei som skal overleverast til våren, og så kjem han til å setje opp fleire i løpet av sommaren i Brokke Hyttepark. 

Det som er så spesielt med hyttene til Oddmund er det nøysame arbeidet som er lagt ned i snikkararbeidet. Det er gjennomført ned til detaljer som spikarslag, listverk og planløysingar. Alle val som fargar, panel, kjøkken, vindauge, dører er nøye utvalt av Oddmund!

Me har mange snikkarar i Brokke som gjer ein utruleg god jobb, og Haugen Bygg-service er utan tvil ein av dei beste! 

Me gler oss til endå fleire hytter!!

 

Ta kontakt med Oddmund om du har ein hyttedraum:)